Rallarvegen 2011

Rallarvegen 2011

torsdag 19. januar 2012

Heildagsprøve Nynorsk-ressurshefte. 03.02.2000. Lottomillionærar er ikkje som andre millionærar.

Rart hva som dukker opp når man rydder gjennom gamle ting. 12 år gammel heldagsprøve. Noen som husker alt dette? ;)

Ein hovmeistar til ho mor!

Det er mogleg det! Lottomillionærar er kan hende ikkje som andre millionærar. Andre millionærar brukar som regel pengane sine på aksjar, fine damer og hus i syden, mens ein lottomillionær malar kan hende låven eller kjøper ein ny gris til kona si.
Eigentleg synest eg det er merkeleg korleis folk kan betale tretti kroner for ein kupong med ein haug med tal på. På laurdag kveld sit tusenvis av familiar samla foran TV-skjermane og glor på masse blå eller raude kuler med tal, som virvlar rundt i ein misforstått tørketrommel.
Tala trillar ut, sju på den eine sida og tre på den andre. Dei tre blir kalla tilleggstal, dei skal eg komme att til. Når alle 10 kulene har trilla ut, gjeld det å finne lappen med tala på og sjekke om nokre av tala liknar.
Om du berre har fire tal som matchar, kan du sjå på tilleggstala dine og sjekke om du har nokre av dei på lappen.
Har du det?
Ja, då har du vunne 55kroner.
Det er sjølvklart mogleg å vinna meir, men det er jo berre 3 stk som vinn alle millionane.

Eg jobbar i butikk og i butikken der eg arbeidar har me ein sånn tippemaskin. Eg står ofte og sel lottokuponger og det er vanlegvis dei same menneska som kjem att kvar gong. Dei kjem spaserande så kjekt, og slenger tippekupongen med 250kroner i gevinst på disken og gliser; "Ja, nå skal du sjå vinden snur!" Eg kikkar kjapt ut vindauge, men det er for mørkt til at eg kan sjå om det i det heile tatt bles, så eg køyrer kupongen gjennom scannaren og gir pengane til "rikingen".
"Trur du eg har FLAX?" Seier han lurt og slenger ein hundrelapp på bordet. Eg har høyrd vitsane tusen gonger før, så dei er ikkje så morosame lenger. Eigentlig tror eg aldri dei har vore særskild morosame. Dessuten har alle ein mogelegheit til å vinne når dei kjøper 5 flax-lodd.
Eg trykkjer fram et lite smil og gir ham lodda. Han tar utålmodig i mot og skrapar som om han allereie har vunne. Han vinn 20kroner på det første loddet og hever augebryna mot meg som han tenkjer: "Kva var det eg sa?" Atter tvingar eg fram eit smil, eit smil som seier: "så fint at du vann, men ikkje ta heilt av, det er berre 20kroner.
Han vinn ikkje meir enn det, men før han går sørger han for å få med seg eit par lottokupongar til neste helg. I fleire uker kjem han att og gjer det same. Snakkar nesten ikkje om anna enn den gongen han vann 250kroner i lotto og 20kroner med flax-lodd. Han gløymer visst at han betalte 150kroner for dei nye kupongane, som han ikkje vann  på og at dei Flax-lodda kosta han 100kroner. Eg vil ikkje øydelegge med å seie at han eigentlig berre vann 20kroner, så eg tvingar fram et smil og seier at han var heldig no.

Faren min spelar også lotto, fem kupongar kvar veke og kvar veke vinn han 55 eller 99kroner. Men ein gang vann han faktisk 50.000 kroner. Jubelen sto i taket og far min dansa på bordet. Endeleg skulle han få tilhengaren han hadde sikla etter i ei så lang tid. Ho mor fekk også sitt. Det gamle badekaret for ut fortare enn eg kunne seie "vann!" og det flunkande nye dusjkabinettet kom på plass. Eg sjøl fekk moped, men andre gongen eg køyrde med han, endte eg opp bakom eit gjerde og mopeden låg i et tre to meter lengre borte. Mopeden blei fiksa opp litt og selt til nokon andre.

Eg trur nok det at lottomillionærar er litt meir "spesielle" enn vanlege millionærar. Vanlege har jo alt som kan kjøpast for pengar, mens ein lottomillionær er nokon som får ein mogleghet til å kjøpe alt han lista opp sist jul. Bilen får full tank, før han stikk og kjøper ein ponny til ungane og hovmeister til kona. Når han kjem til sentrum, slenger han seg i byen sitt girlander i berre undertøyet, mens kona sender sauane til frisøren. Deretter reiser heile familien til Danmark, for der er det deilig å vera norsk. Resten av pengane set han i aksjar eller høgrentekonto i banken.

I butikken der eg arbeider har me ikkje fått noen lottomillinær ennå, men eg trur nok at ein dag så kjem han som vanlegvis vinn 55kroner springande mot meg, mens han viftar med vinnarkupongen og jublar: "Endeleg skal eg få meg campingvogn og ny seng! Endeleg!"



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar